onsdag 4. juli 2012

FRÅ INTERNETT TIL TEATER - Å HERREGUD!



Ein språkfilosofisk kjønnsteologisk orsaksutopisk einaktar, fjerdeklasses forfatta



PERSONAR:
Ho
Dei



(Ho hjem inn. Dei står der alt og ventar.)
HO:
Herregud. Eg har gløymt at denne bloggen eksisterar.

DEI:
Kvifor talar du om Gud?

HO:
Eg har gløymt at denne bloggen eksisterar!

DEI:
Du treng ikkje rope. Kvifor talar du om Gud?

HO:
Eg veit ikkje. Eg trur ikkje ein gong på Han.

DEI:
Men du vil gjerne?

HO:
Eller Ho.

DEI:
Eller er du glad du ikkje har nokon Gud?

HO:
Eller Hen.

DEI:
Vi tvilar på orsakinga di.

HO:
Eg har ikkje gitt dykk noko orsaking.

DEI:
Kvifor talar du nynorsk?

HO:
Kvifor talar de nynorsk? Burn!

DEI:
Born?

HO:
Nei, «burn» som i «brenn». Det er engelsk.

DEI:
Er du redd ditt eige språk?

HO:
Eg er redd eg har gløymt denne bloggen.

DEI:
Har du gløymt han, eller er du redd for at du har gløymt han?

HO:
Eg

DEI:
Ja, du

HO:
Eg

DEI:
Ja, du

HO:
Ikkje mas!

DEI:
Du treng ikkje rope.

HO:
Eg er ikkje sint

DEI:
Det har ingen trudd

EIN AV DEI:
Eg trudde det ei stund, når eg tenkjer meg om. Berre ei lita stund

HO:
Eg skal ikkje gløyme bloggen meir.

DEI:
Du treng ikkje lyge.

HO: 
Eg skal prøve å gjere sånn at eg ikkje gløymer bloggen meir.

DEI:
You are forgiven.
E
HO:
Kan de engelsk likevel?

DEI:
Vi håpar du vil synge med oss. Kan du denne?

(Ein av dei startar på «Where have all the flowers gone». 
Fleire stemmer i, litt haltande. 
Ein trur dei syng «The times, they are a-changing» og gyv laus på refrenget.)
HO:
Eg.

DEI:
Du.

HO/DEI:
Vi.


- Amen -

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar